Kommuneøkonomi

Kommuneøkonomi

I gjeldstoppen

Alle kommunar skal rapportere informasjon om verksemda si til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-­Rapporteringa (KOSTRA). I KOSTRA er det grundig informasjon om økonomien til kommunane og om den kommunale verksemda innan alle sektorar. I denne samanhengen er det den finansielle situasjonen og driftskostnadane som er vektlagt.

Tabellen med dei økonomiske indikatorane viser dei viktigaste nøkkeltala for den økonomiske situasjonen til kommunane (konserntal). Netto driftsresultat blir sett på som den viktigaste enkeltståande indikatoren på korleis den økonomiske situasjonen i ein kommune er. Netto driftsresultat er det kommunane har att av inntektene etter at alle drifts- og finansutgifter er betalte. Det kom ei ny tilråding for netto driftsresultat frå og med 2014. Tilrådinga er at netto drifts­resultat skal utgjere 1,75 prosent av brutto driftsinntekter.

Kommunane i Møre og Romsdal hadde samla eit høgare netto driftsresultat enn tilrådinga i 2015. Dette var på 2,2 prosent av brutto driftsinntekter. Tilsvarande for landet utanom Oslo var 2,9 prosent. I 2015 fekk kommunane høgare skatte­inn­gang enn prognosen, ekstra løyve i revidert nasjonalbudsjett og lågare pensjonsutgifter enn prognosen. Det var store forskjellar på kommunane i fylket. Aukra kommune hadde eit positivt netto driftsresultat på 17,7 prosent av brutto driftsinntekter – eit av dei høgaste i landet. Sande kommune fekk eit negativt netto driftsresultat på -3,1 prosent.

Ein annan viktig indikator er netto lånegjeld, som er vist i tabellen som prosent av brutto driftsinntekter og i kroner per innbyggar. Stranda, Ulstein og Giske kommunar har høgast netto lånegjeld i fylket, og desse kommunane er også i landstoppen i netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter.

Økonomiske indikatorar frå 2015 for kommunane i Møre og Romsdal på konsernnivå

Last ned