Behov for nye årsverk

Behov for nye årsverk

5 000 nye årsverk innanfor pleie- og omsorg dei neste 25 åra

Kommunane leverer mange tenestetilbod i kvardagen til innbyggarane i Møre og Romsdal. For å levere tenester har kommunane ein stor ressursinnsats, for det meste personal­ressursar. Tre store og viktige område kommunane leverer ­tenester på, er barnehage, skole og pleie- og omsorgs­tenester. Over tid kan ein vente endringar i ressursinnsatsen innan desse områda i tråd med endringar i folketal og alderssamansetning. Blant anna er det venta ei sterk auke i delen eldre i mange kommunar.

Tabellen viser talet på årsverk innanfor barnehage, skole og pleie- og omsorg i 2014. For åra 2020 og 2040 er ressursinnsatsen i 2014 framskriven i tråd med venta endring i folketal og aldersamansetning i MMMM-alternativet til SSB.

Det går fram av tabellen at det i 2014 var i underkant av 8 500 årsverk i pleie- og omsorgstenestene i kommunane i Møre og Romsdal. Om kommunane i Møre og Romsdal utfører tenestene som i dag, og prognosen til SSB for endringar i folketal og aldersamansetning slår til, vil det vere behov for nærare 13 500 årsverk i pleie- og omsorgstenestene i 2040. Det er altså behov for 5 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgs­tenestene i Møre og Romsdal i løpet av dei neste 25 åra.

For heile landet var det i underkant av 134 500 årsverk i pleie- og omsorgssektoren i 2014. Eit framskrive behov for årsverk i 2040 gir i overkant av 217 500 årsverk. Samtidig som Møre og Romsdal har behov for 5 000 nye årsverk i pleie- og omsorgsteneste fram til 2040, har heile landet behov for 83 000 nye årsverk.

Indikatorane her kan tyde på at det vil vere knapt med både finansielle og kompetansemessige ressursar for å møte behovet i pleie- og omsorgstenestene i åra framover.

Tal årsverk innan barnehage, grunnskole og pleie- og omsorg i 2014, og framskriven for åra 2020 og 2040

Last ned