Slåttemark

Slåttemark

Fleire slåttemarker blir tekne vare på

Artsrik slåttemark er ein trua naturtype i kulturlandskapet, som sidan 2010 er følgd opp med handlingsplan og tilskotsordningar. Det er registrert over 250 lokalitetar i Møre og Romsdal med høg verdi. I 2015 vart 150 av desse skjøtta aktivt, flest i Sunndal, Rauma og Stranda kommunar.

For å ta vare på slåttemarkspreget og artsrikdomen er det viktig med sein slått og at graset blir fjerna etter nokre dagars bakketørking. Etterbeiting er viktig om hausten.

I Møre og Romsdal er mange involverte i å ta vare på slåtte­markene, for eksempel gardbrukarar, grunneigarar og organisasjonar. Det er laga skjøtselsplanar for 180 enger, og over 150 lokalitetar har skjøtselsavtale med Fylkesmannen. I 2015 vart det brukt 2,5 millionar kroner til skjøtsel i fylket.

Slåttemarkslokalitetar i kvar kommune og kor mange som fekk tilskot i 2015

Last ned