Sjøfugl

Sjøfugl

Sjøfuglane forsvinn frå Runde

Teljingar viser at krykkje, toppskarv og lomvi nesten er borte frå dei gamle reirplassane. Lundefuglen minkar også, men det er framleis 50 000 til 70 000 par som hekkar på ­Runde. Havsula har auka sidan 40-talet. Fleire tal finn du på www.seapop.no.

Utviklinga har inga enkel forklaring. Årsaka ligg truleg i dei komplekse næringsnetta i havet. Fuglane finn ikkje nok mat til å fø opp ungar, truleg på grunn av endringar i blant anna klima, fiskeria og fiskebestandane. Gyteområda og tilgangen på fiskelarvar har flytta seg. Mykje rovfisk gir konkurranse om maten. Tareskogen har blitt mindre produktiv mange stadar. Matmangel gjer fugl og reir sårbare for forstyrringar, foru­reining og predasjon. Predasjon kan forklare at artar prøver seg i nye, tryggare område. I Steinvågsundet i ­Ålesund hekka det i 2016 meir enn 700 krykkjepar, og Gjemnessundbrua husar ein koloni med 600 par.

Utviklinga kan truleg berre snuast ved å forvalte havet betre og med større omtanke for heile økosystemet. Dette krev auka kunnskap og vern.

Krykkje, lomvi, lunde og toppskarv i teljeområde på Runde 1980-2015

Last ned

Havsule, tal på reir i bruk i teljeområdet på Runde, 1946-2013

Last ned

Fuglane sin diett

Last ned