Laks, sjøaure og Gyrodactilus salaris

Laks, sjøaure og Gyrodactilus salaris

Auka fangst av laks og sjøaure

Fangstane av laks og sjøaure i elvane auka noko i 2015etter at dei i 2014 var rekordlåge. Mykje nedbør i 2015 gav gode forhold for oppvandring i elvane, og dette er truleg den viktigaste forklaringa. Fisket i sjøen viste også oppgang frå 2014 til 2015, og truleg var innsiget av laks også noko høgare. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning reknar likevel med at innsiget er halvert frå 1983 til 2015.

Fangsttala blir påverka av ulik regulering av fisket og mang­lande rapportering. Tala frå elvane viser avliva fisk, men fisk blir i aukande grad sett ut att. Driva er påverka av lakse­parasitten Gyrodactilus salaris (G.S.), medan rømd oppdrettslaks, lakselus og vasskraftregulering truleg påverkar bestandane i ulik grad. Laksen har redusert overleving i sjøen, blant anna som følge av svingingar i talet på beitedyr. Valldalselva (2 394 kg) og Strandaleva (1 632 kg) var av dei fem med størst fangst i fylket i 2015 (meir data på ssb.no).

Lakseparasitten skal utryddast

Lakseparasitten Gyrodactilus salaris tar livet av unglaksen, og fleire gode lakseelvar har vore infisert. Parasitten døyr i saltvatn, men smittar mellom naboelvar gjennom brakkvatn i fjordane. Det er også risiko for smitte via vatn i båtar eller fiskeutstyr. Smitte mellom elvar er ein stor trugsel, og målet er å utrydde arten heilt i landet.

Møre og Romsdal hadde før sju regionar som var smitta, men no står berre to att. Raumaregionen vart kjemisk behandla i 2013 og 2014 og skal overvakast i fem år før friskmelding. Det blir no sett ut fisk frå den opphavlege stammen, og det er knytt stor spenning til om behandlinga har vore vellukka. Drivaregionen skal etter planen behandlast i 2022, etter at ei fiskesperre over ein periode på fem år har utrydda parasitten i dei øvre delane av Driva. Fiskesperra er under bygging ved Snøvassmelan og skal stå ferdig i 2017.

Registrert fangst av laks/sjøaure i seks utvalde elvar i Møre og Romsdal, 2000-2015

Last ned

Registrert fangst av laks/sjøaure i sjø og elvar i Møre og Romsdal, 1993-2015

Last ned

Tidslinje som visar kampen mot lakseparasitten Gyrodactilus salaris i Møre og Romsdal

Last ned