Kommunale klima- og energiplanar

Kommunale klima- og energiplanar

Kommunane har jobba mest med energieffektivisering

Norske klimagassutslepp skal reduserast med 30 prosent fram til 2020, sett i forhold til 1990, og ved tilslutning til ramme­verket til EU vil klimamåla truleg bli endå meir ambisiøse fram mot 2030. Utsleppa må derfor kuttast kraftig og raskt dersom vi skal nå måla.

Handlingsrommet til kommunane er i hovudsak knytt til tiltak innan ikkje-kvotepliktig sektor, som blant anna gjeld transport, landbruk, avfall og bygg. Tal frå 2013 viser at utsleppa er klart størst i transportsektoren, mens landbruk kjem som nummer to. Avfall, bygg og andre utsleppskjelder kjem lengre nede på lista.

Gjennom ei spørreundersøking utført av fylkeskommunen i 2016 er det innhenta informasjon om status for arbeidet med å sette i verk tiltak knytt til kommunale klima- og energi­planar. 30 av 36 kommunar responderte, og på spørsmål om kva som er dei 3 til 5 viktigaste tiltaka i planen som er gjennomført til no, kom det inn 91 svar som kan fordelast på ulike innsatsområde.

Svara syner at innsatsen i hovudsak har vore knytt til bygg gjennom redusert energibruk. Det er gjort relativt lite innan transportsektoren, der behovet for tiltak er størst.

På spørsmål om kva som er dei viktigaste hindra for å få gjennomført tiltak i kommunane, ut over finansiering, er det flest svar (17) som går på manglande kapasitet. Berre tre kommunar har eigne stillingsdelar knytte til klimaarbeid. ­Elles er det også vist til manglande forankring, prioritering, økonomi og kompetanse som utfordringar. Berre fem kommunar opplyser at det blir rapportert årleg på gjennomføring av tiltak i planen.

Samla energibruk i kommunal eigedomsforvalting, eigne bygg, per m², konsern

Last ned

Samla energibruk i kommunale bygg i Møre og Romsdal, snitt av kommunane

Last ned

Dei viktigaste gjennomførte tiltaka i kommunane, fordelt på innsatsområde

Last ned