Avfallshandtering og marin forsøpling

Avfallshandtering og marin forsøpling

Mindre hushaldsavfall enn landsgjennomsnittet

Avfallshierarkiet ligg til grunn for avfallspolitikken til EU og Noreg. Først skal ein søke å redusere avfallsproduksjonen. Vidare skal avfall som ikkje kan brukast på nytt eller gjenvinnast til nye produkt, brennast for å ta ut energi. Berre avfall som ikkje kan nyttast til noko anna, skal gå til deponi.

Dei fleste kommunane i fylket samlar inn mindre hushalds­avfall enn snittet i landet, og dei fleste kommunane er også med i interkommunale samarbeid (IKS) om avfall. Avfalls­behandlinga er derfor lik i kommunar i same IKS. Tala syner at SSR-kommunane er best på materialgjenvinning og biologisk behandling, og har minst avfall til forbrenning og deponi. ÅRIM- og RIR-kommunane produserer minst avfall. For å følge avfallspyramiden må alle kommunane gjenvinne meir avfall som i dag går til brenning. Forbodet mot å deponere organisk materiale frå 2009 har virka, og det er no mindre avfall som går til fyllingar. Dette gjer at sjølv om mengda avfall har auka, går utslepp av klimagassar frå avfall ned.

I fylket vårt blir det deponert mest blåsesand, forureina massar, forureina betong, gips og asbest. Asbest blir forsvarleg grave ned på ein merka stad på deponiet, slik at asbestfibrane ikkje kan føre til skade.

Mykje plastavfall i havet

Sjølv om vi har gode avfallstenester, hamnar mykje avfall i havet, og marint søppel er eit stort og aukande problem. Plast blir seint brote ned, og det går 500 år før ei plastflaske er borte. Det er viktig å stanse alle kjelder til marint søppel, og vi må fortsette å rydde strender. «Hold Norge Rent» organiserer strandrydding i mai og september frå 2016. I fylket vårt har dei registrert nær 100 aksjonar i 2015 og 2016, der det er rydda 50 km strand og 18 tonn avfall. Udefinerbar plast utgjer over 50 prosent av gjenstandane mens definerbare gjenstandar er fordelt slik som figuren til høgre viser.

Hushaldsavfall i kilogram per innbyggar per år fordelt på behandlingsmetode i 2015

Last ned

Avfallshierarkiet i norsk avfallspolitikk

Last ned

Fordeling av definerbare gjenstandar rydda frå strender i Møre og Romsdal i 2015/2016

Last ned