Kommunale frisklivssentralar

Kommunale frisklivssentralar

Berre ein tredel av kommunane har frisklivssentral

I 2016 var det 12 kommunar i Møre og Romsdal som hadde frisklivssentral i drift. Det er kommunane Surnadal, Volda, Giske, ­Molde, Ulstein, Rauma, Eide, Fræna, ­Kristiansund, Sunndal, Vestnes og Norddal. I tillegg er tre kommunar, Ørsta, Aukra og Vanylven, i gang med å etablere frisklivssentral.

Samhandlingsreforma vektlegg auka helsefremmande og føre­byggande innsats og styrking av førebyggande helse­teneste i kommunane. Frisklivssentralar er eit viktig tiltak i det arbeidet og skal gi tilbod til personar med behov for å endre levevanar. Det omfattar tilbod til personar som står i fare for å utvikle sjukdom, eller som må lære å leve med og meistre eigne helseutfordringar. Å fremme meistringsressursane til den enkelte er eit viktig mål.

Det er likevel lite endring i talet på kommunar som har etablert og i drift ein frisklivssentral i Møre og Romsdal. Det var 13 kommunar i 2013, 15 kommunar i 2014 og 14 kommunar i 2015. På landsbasis har auken vore mykje større i denne perioden. I 2015 hadde 59 prosent av kommunane i Noreg frisklivssentral mot 39 prosent i Møre og Romsdal. Berre i Finnmark og Østfold er delen lågare.

Frisklivssentralar er eit relativt nytt helsetilbod og ein måte å organisere førebyggande og helsefremmande arbeid i kommunane. Det kan sjå ut som det har fått eit større utbreiing i enkelte delar av landet samanlikna med andre. I Møre og Romsdal vart dei første frisklivssentralane etablerte i 2011.

Frisklivssentral er definert som ei førebyggande helse­teneste og er regulert av Lov om helse- og omsorgstenester. Kommunane står fritt til å organisere det førebyggande og helse­fremmande helsearbeidet i kommunane på den måten dei sjølv meiner er mest hensiktsmessig. Helsemyndigheitene anbefaler kommunane å etablere frisklivssentralar, eventuelt i interkommunalt samarbeid.

Del kommunar som har etablert frisklivssentral etter fylke, 2013-2015

Last ned

Tal kommunar med frisklivssentralar, etter fylke, 2013-2015

Last ned

Del kommunar som har etablert frisklivssentral etter fylke, 2013-2015, prosent

Last ned