Helsestasjons- og skolehelsetenesta

Helsestasjons- og skolehelsetenesta

Helsesøstertilbodet mest styrka i Ålesund

Helsestasjon og skolehelseteneste er ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Målgruppa er alle barn og unge (0 til 20 år) og gravide som går til svangerskapskontroll ved helsestasjon. Tenesta skal ivareta det førebyggande og helsefremmande ­arbeidet ved å fremme psykisk og fysisk helse, fremme gode sosiale og miljømessige forhold og førebygge sjukdom og skader. I tillegg er tenesta sentral i kommunane sitt arbeid med å få oversikt over helsetilstanden og dei faktorane som kan ha innverknad på helsa.

Dei frie inntektene til kommunane er auka dei siste åra for å styrke og vidareutvikle helsestasjons- og skolehelsetenesta. Vi kan finne ut kor mange nye stillingar dette har ført til ved å gå til KOSTRA-tala om kommunehelse. Dette er tal kommunane sjølve har rapportert til SSB.

Det har vore ein auke i talet på årsverk i fleire kommunar på nasjonalt nivå, men totalt sett er ikkje veksten i samsvar med veksten i midlar. Dette er situasjonen også i Møre og ­Romsdal. Frå 2014 til 2015 har 16 kommunar i Møre og Romsdal ei styrking av årsverk til helsesøstertenesta, men for 13 av desse er auken under eitt årsverk. 14 kommunar har uendra tal, og seks kommunar har redusert talet på årsverk til helsesøstertenesta.

­Ålesund kommune skil seg ut med ei styrking av helsesøstertenesta med 9,3 årsverk. Dernest kjem kommunane Ulstein med ei styrking på 1,4 årsverk, Giske med ein auke på 1,2 og Volda med ei styrking på eitt årsverk. Sykkylven kommune og Averøy kommune har redusert helsesøstertilbodet med ­høvesvis 1,5 og 1,2 årsverk dette året.

Tabellen med årsverk i alt til førebygging, helsestasjons- og skolehelseteneste inkluderer også andre fagutdanningar i helsestasjons- og skolehelsetenesta, som for eksempel lege, jordmor, fysioterapeut og psykolog. Når desse stillingane blir tekne med, ser vi at 18 kommunar har ei styrking frå 2014 til 2015 medan 10 har redusert tilbodet.

Årsverk helsesøstre

Last ned

Årsverk i alt til førebygging, helsestasjons- og skolehelseteneste

Last ned