SkatteFUNN

SkatteFUNN

Auke i bruk av SkatteFUNN-ordninga

I 2015 hadde bedrifter i Møre og Romsdal til saman 436 aktive skattefunnprosjekt. Samla budsjetterte prosjektkostnader var på 1,2 milliardar kroner. Dette gir eit budsjettert skattefrådrag på 223 millionar kroner.

Det var 62 fleire prosjekt i Møre og Romsdal i 2015 enn i 2014, ein auke på 16,6 prosent. Nasjonalt var auken på 20,1 prosent. I 2015 hadde Møre og Romsdal 7,5 prosent av Skatte­FUNN-prosjekta.

I Møre og Romsdal er dei marine og maritime næringane dei største brukarane av SkatteFUNN-ordninga. Men også ­bygge- og anleggsnæringa og jordbruk/matproduksjon har mange prosjekt. I forhold til landet elles har vi få prosjekt innan administrasjon, miljø, IKT, kraft/energi, skog/tre og helse.

Tal SkatteFUNN-prosjekt og kostnader i Møre og Romsdal, 2015

Last ned