FoU i næringslivet

FoU i næringslivet

Auke i tildelingar frå Forskingrådet

Løyvingane frå Forskingsrådet auka med vel 600 millionar kroner frå 2014 til 2015. Auken i Møre og Romsdal var på 29,6 millionar kroner til 111,6 millionar kroner. Målt i prosentvis endring er dette bra, men Møre og Romsdal ligg framleis på eit relativt lågt nivå blant fylka.
Fylka med dei store breiddeuniversiteta får om lag 85 prosent av dei samla løyvingane. Møre og Romsdal fekk 1,4 prosent i 2015. Til samanlikning utgjer befolkninga i Møre og Romsdal 5,1 prosent av innbyggarane i landet.

Løyvingane frå Forskingsrådet til næringslivet auka med 123 millionar kroner frå 2014 til 2015 målt i løpande prisar. I Møre og Romsdal auka løyvingane med vel 13 millionar kroner til 67,7 millonar kroner. Oslo, Akershus og Sør-­Trøndelag får til saman vel 52 prosent av næringsretta løyvingar frå ­Forskingsrådet. Møre og Romsdal får 5,0 prosent.

Sterk auke i FoU-årsverk i næringslivet

Møre og Romsdal ligg på fjerdeplass når det gjeld prosent av bedriftene som utfører FoU-arbeid. Talet på FoU-årsverk i næringslivet auka med 25 prosent frå 2010 til 2014, mot 16 prosent på landsbasis. Auken i talet på årsverk med høgare grad er berre på 2,1 prosent i den same perioden. Auken på landsbasis var på 14,6 prosent.

Ser vi på kor stor del av verksemdene i fylket som har FoU-aktivitet, finn vi at denne delen er gått ned med eitt prosentpoeng frå 19 prosent i 2010 til 18 prosent i 2014 i Møre og Romsdal. Høgast del har Akershus og Sør-Trøndelag med 20 prosent. Møre og Romsdal ligg på delt tredjeplass med Oslo.

Auken i FoU-utgifter er lågare enn i landet totalt

I 2013 vart det brukt 959 millionar kroner på forskings- og utviklingsarbeid i fylket. Dette er ein auke på 211 millionar frå 2011. Auken frå 2003 til 2013 er på 42,5 prosent. For landet totalt var auken i den same perioden på 85,6 prosent.

Næringslivet i Møre og Romsdal står for 72 prosent av dei totale FoU-utgiftene i 2013, mot 44 prosent på landsbasis. Same år utgjorde FoU-utgiftene i Møre og Romsdal berre 1,9 prosent av dei totale FoU-utgiftene i landet. Oslo hadde dei høgaste FoU-utgiftene både i 2003 og 2013, følgd av Sør-Trøndelag, Akershus og Hordaland.

Løyvingar frå Forskingsrådet i 2015, etter fylke

Last ned

Løyvingar frå Forskingsrådet til næringslivet i 2015, etter fylke

Last ned

FoU i næringslivet i 2010 og 2014 etter fylke

Last ned

FoU-utgifter i Møre og Romsdal etter sektor, 2003-2013

Last ned