Rus

Rus

Auke i yngre aldersgrupper til rusbehandling

Problematisk bruk og avhengigheit av rusmidlar er eit stort folke­helse­problem i Noreg. Ruslidingar er mellom dei 20 viktigaste årsakene til helsetap og tapte leveår jf. Folkehelse­instituttet.

I det rusførebyggande arbeidet mellom barn og unge er det viktig å ha kunnskap om alder ved første gongs bruk. Ungdom som startar tidleg med alkohol, har i mange tilfelle eit åtferdsmønster kjenneteikna av også andre typar antisosial åtferd og bruk av tyngre rusmiddel.

I 2015 er 1 127 personar kartlagt med behandlingsstart for rusproblem. Desse er fordelt på 246 personar ved poliklinikk og 881 ved døgnbehandling.

Alkohol det mest utbreidde hovudrusmiddelet

Tal frå Helse Møre og Romsdal for ­Ålesund behandlingssenter og ­Molde behandlingssenter for pasientar med behandlingsstart i 2015, viser at 92 kvinner og 322 menn fekk behandling knytt til alkohol som hovudrusmiddel. Dette utgjorde 46 prosent av kvinnene og 48 prosent av mennene for alle typar rusmiddel som vart kartlagt ved behandlingsstart. Til samanlikning var alkohol hovudrusmiddel for 45 prosent av kvinnene og 53 prosent av mennene med behandlingsstart i 2011. Etter alkohol er amfetamin registert som det viktigaste hovud­rusmiddelet for 36 kvinner og 91 menn i 2015. Flest menn er innlagt for rusproblem. Kvinner utgjorde 23 prosent i 2015.

Ei oversikt over pasientar med behandlingstart i perioden* 2011 til 2015 viser at det har vore ein auke for aldersgruppa 18 til 29 år, frå 177 pasientar i 2011 til 283 pasientar i 2015. Det har også vore ein auke for aldersgruppa 30 til 39 år med 112 fleire som starta behandling enn i 2011. For aldersgruppa over 50 år har det vore ein nedgang.

Behandlingsstart i klinikk for rus og avhengigheitsbehandling i åra 2011-2015

Last ned

Behandlingsstart poliklinikk, 2011-2015

Last ned

Behandlingsstart døgn, 2011-2015

Last ned

Tal kartleggingsskjemaer med behandlingsstart, 2011-2015, fordelt på kjønn og hovudrusmiddel

Last ned