Muskel- og skjelettplager

Muskel- og skjelettplager

Meir muskel- og skjelettplager enn i landet elles

I Møre og Romsdal er det fleire personar enn i landet elles som har vore i kontakt med fastlege eller legevakt grunna muskel- og skjelettplager (eksklusiv brot og skader). I aldersgruppa 0 til 74 år viser besøkstala at 280,8 personar per 1 000 innbyggarar var i kontakt med fastlege eller legevakt i løpet av kalenderåret om dette (statistikken viser gjennomsnitt for 3-årsperiodar). Blant dei unge mellom 15 og 29 år var 219,5 personar per 1 000 innbyggarar i kontakt med fastlege eller legevakt for denne type plager.

Det er berre fem kommunar i Møre og Romsdal som har lågare del enn landsgjennomsnittet når det gjeld personar som kontaktar lege om muskel- og skjelettplagar. Volda kommune har lågast del, med 240,3 personar per 1 000 innbyggarar. ­Høgast er desse tala i kommunane Hareid og Averøy med høvesvis 334,5 og 331,8 personar per 1 000 innbyggarar.

Frå 2012 til 2014 var det ein auke i 27 av 36 kommunar i fylket i talet på personar i alderen 0 til 74 år som har vore i kontakt med fastlege eller legevakt om muskel- og skjelettplager.

Risikofaktorar, og dermed også moglegheiter for førebygging, er avhengig av diagnose. Sett under eitt har mange typar muskel- og skjelettsjukdommar og plager samanheng med aukande alder, stillesittande livsstil og til dels også overvekt.

Om ein ikkje finn nye, effektive strategiar for førebygging og behandling, er det grunn til å vente at muskel- og skjelettsjukdommar vil halde fram med å vere ein viktig del av den norske sjukdomsbyrda. Endra åtferd hos barn og ungdom kan ha betyding for framtidig utvikling av muskel- og skjelett-sjukdommar. Desse sjukdommane omfattar ein lang rekke ulike tilstandar, og har det til felles at dei er knytte til smerte og eventuelt nedsett funksjon.

Muskel- og skjelettplager, tal brukarar i primærhelsetenesta per 1000 innbyggarar i alderen 0-74 år, snitt 2012-2014, kommunevis

Last ned

Muskel- og skjelettplager, tal brukarar i primærhelsetenesta per 1000 innbyggarar i alderen 0-74 år, snitt 2012-2014, fylkesvis

Last ned

Muskel- og skjelettplagar, tal brukarar i primærhelsetenesta, per 1000 innbyggarar

Last ned