Bruk av legemiddel – type 2 diabetes

Bruk av legemiddel – type 2 diabetes

Auka bruk av legemiddel for type 2-diabetes

Tal for brukarar av legemiddel utlevert på resept til personar i alderen 30 til 74 år syner at det er ein auke i 33 av 36 kommunar i fylket frå 2010 til 2015 (tre års glidande gjennomsnitt, der 2013 til 2015 er dei siste åra). For fylket samla er det ein auke frå 27,5 personar til 32,4 personar per 1 000 i løpet av ein seksårsperiode. Det er på nivå med auken i landet, men vi ligg framleis under nivået i landet når det gjeld tal brukarar av legemiddel på resept for type 2-diabetes. Møre og Romsdal har den fjerde lågaste bruken av slike legemiddel av dei 19 fylka.

Sjølve førekomsten av type 2-diabetes er usikker, og behandlinga av sjukdomen varierer. Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes kan brukast som ein indikator på føre­komsten av type 2-diabetes i befolkninga.

Det er stor forskjell mellom kommunane i kor stor del av befolkninga som bruker legemiddel for type 2-diabetes. Ni av 36 kommunar har fleire brukarar av desse legemidla enn landsgjennomsnittet. Smøla kommune ligg på topp i fylket med 42,7 brukarar per 1 000 innbyggarar, følgt av Norddal kommune med 41,2 per 1 000. Lågast del finn vi i Stordal kommune med 20,0 personar per 1 000 innbyggarar, altså berre halvparten så mange som i Smøla.

Det er vanskeleg å gi ei sikker forklaring på den store varia­sjonen mellom kommunane. Det kan ha samanheng med tilgang til og kultur for utskriving av medikament og til variasjon hos innbyggarane i kosthald og fysisk aktivitet. Ein ny rapport frå folkehelseinstituttet om «Sykdomsbyrden i Noreg», viser at kosthaldet har meir å seie for sjukdom enn tidlegare antatt (Rapport 2016:1 Folkehelseinstituttet).

Brukarar av legemiddel til behandling for type 2-diabetes i aldersgruppa 30-74 år

Last ned

Brukarar av legemiddel til behandling for type 2-diabetes i aldersgruppa 30-74 år

Last ned

Brukarar av legemidlar til behandling av type 2-diabetes (30-74 år)

Last ned