Eksport

Eksport

Rekordhøg eksport

Både for landet samla og for Møre og Romsdal er eksporttala for 2015 historisk høge med over 400 milliardar kroner i eksportverdi frå fastlands-Noreg og nesten 38 milliardar frå fylket vårt. Med over 9 prosent av den nasjonale eksporten målt i verdi, er det berre Hordaland som eksporterer for meir enn Møre og Romsdal. Frå 2014 til 2015 auka eksporten frå fylket med om lag 5 prosent, noko som er vesentleg meir enn den nasjonale veksten på 4 prosent. Tal for perioden januar til juli 2016 viser at veksten i fylket vårt er noko svekka i 2016, men vi er framleis det nest største eksportfylket.

Det er kystfylka på Vestlandet som dominerer eksportstatistikken, med Hordaland, Møre og Romsdal og Rogland på dei tre øvste plassane. Tar vi også med Sogn og Fjordane, finn vi at desse fylka samla eksporterte for over 140 milliardar kroner i 2015, noko som svarer til 36 prosent av den samla eksporten frå fastlands-Noreg. Dei fire fylka har «berre» 26 prosent av befolkninga i landet, så eksporten per innbyggar er nesten dobbelt så stor her som i resten av landet. Når vi veit at eksportstatistikken ikkje omfattar olje og gass, ser vi enda klarare desse fylka sin posisjon når det gjeld utanriks­økonomien.

Av den samla eksporten frå Møre og Romsdal utgjer fisk og sjømat nesten 17 milliardar kroner, eller 44 prosent av den samla eksporten frå fylket. Verdien av eksportert fisk frå Møre og Romsdal auka med over 7 prosent frå 2014 til 2015. Møre og Romsdal er framleis det klart største fiskeeksportfylket i landet, og heile 23 prosent av all norsk fiskeeksport, målt i verdi, kjem frå Møre og Romsdal. Hordaland og Nordland er nærast Møre og Romsdal, med eksport for høvesvis 12 milliardar og 11 milliardar kroner. Samla eksporterte Noreg fisk og sjømat for 72 milliardar i 2015.

Fastlandseksport etter produksjonsfylke i millionar kroner

Last ned

Eksport av fisk etter fylke i 2014 og 2015

Last ned