Innvandring

Innvandring

Innvandrarbefolkninga auka med 6,5 prosent i 2015

Ved inngangen til 2016 var det 28 240 innvandrarar og 3 250 norskfødde med innvandrarforeldre i Møre og Romsdal. Samla blir det 31 490 personar i innvandrarbefolkninga. Det er 1 911 fleire enn i 2015, ein auke på 6,5 prosent. I Noreg var auken det siste året på 5,4 prosent, eller om lag 43 200 personar. I fylket utgjorde norskfødde med innvandrarforeldre 10,3 prosent av innvandrarbefolkninga, mot 17,6 prosent i landet.

I 2006 var innvandrarbefolkninga på om lag 9 600 personar i Møre og Romsdal. No er talet nesten 31 500, meir enn ei tredobling. Innvandrarane utgjer no 11,9 prosent av befolkninga i fylket, mot 3,9 prosent i 2006 og 6,7 prosent i 2010. På nasjonalt nivå utgjer innvandrarane 16,3 prosent av folketalet i Noreg, mot 8,3 prosent i 2006.

Av fylka i landet er det Oslo som har den høgaste delen av innvandrarbefolkninga. Her utgjer gruppa 32,5 prosent av befolkninga. Møre og Romsdal ligg på 12. plass blant fylka. Lågast del er det i Nord-Trøndelag med 7,8 prosent.

To tredelar frå Europa utanom Tyrkia

Innvandrarar, ikkje medrekna norskfødde med innvandrarforeldre, med bakgrunn frå Europa utanom Tyrkia er framleis den klart største innvandrargruppa i fylket. Dei utgjer 66,3 prosent av innvandrarane. Nest største gruppe er frå Asia inkludert Tyrkia med 19,2 prosent. Frå 2011 har det vore størst auke i det absolutte talet på innvandrarar frå Europa utanom Tyrkia, mens den prosentvis største auken har vore i innvandrarar frå Afrika.

Den største innvandrargruppa i fylket er frå Polen med om lag 5 500 personar. Polakkane utgjer med det 19,5 prosent av alle innvandrarane. Den nest største gruppa er innvandrarar frå Litauen med 3 060 personar. Deretter følgjer Tyskland med 1 666 personar.

46,2 prosent kvinner

I Møre og Romsdal er det no 15 180 menn og 13 060 kvinner som har innvandra. Delen kvinner er dermed på 46,2 prosent ved inngangen til 2016, litt lågare enn ved inngangen til 2011 då delen kvinner var 47,2 prosent. Menn er i fleirtal blant innvandrarane frå Europa utanom Tyrkia, Afrika og Oseania. Blant innvandrarane frå Amerika og Asia inkludert Tyrkia, er det derimot flest kvinner.

Kort butid

53,7 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket er i aldersgruppa 20 til 44 år. Det utgjer om lag kvar femte innbyggar i fylket i denne aldersgruppa (20,4 prosent). Dei 2 589 barna under seks år i innvandrarbefolkninga utgjer 14,5 prosent av barna i fylket i denne alderen. I befolkninga som er 67 år og eldre, utgjer innvandrarbefolkninga berre 1,9 prosent.

Dei fleste innvandrarane i fylket har relativt kort butid i landet. 10,1 prosent av innvandrarane har budd i Noreg i ­under eitt år. 55,0 prosent har budd her i fem år eller kortare. 9,3 prosent har budd i Noreg i 20 år eller meir.

Arbeid viktigaste innvandringsgrunn

Dei to viktigaste grunnane til innvandring er arbeid og familie­gjenforeining. Innvandrarar som kjem til Noreg for å arbeide, arbeidsinnvandrarar, er den klart største gruppa. I 2012 og 2013 var det generelt ein strammare arbeids­marknad i Noreg, så fallet då må truleg sjåast i samanheng med dette.

Familiegjenforeining skjer når ein person som bur i Noreg, får flytta ein eller fleire personar i familien sin til Noreg. Innvandring av andre årsaker er derfor ein underliggande drivar for familiegjenforeining. I Noreg i 2012 var det ein auke i talet på innvandrarar frå dei tre typiske flyktningelanda ­Somalia, Eritrea og Afghanistan. Auken i talet på flyktningar til Møre og Romsdal i 2012 heng truleg saman med dette. For åra 2013 og 2014 var flukt som grunn relativt stabil.

Høgast del kvinner i Vanylven

Kor stor del av befolkninga innvandrarbefolkninga utgjer, er svært forskjellig i dei ulike kommunane i Møre og Romsdal. Hareid, Sande og Stranda er dei kommunane med høgast del. Her utgjer innvandrarbefolkninga høvesvis 17,8, 17,3 og 17,3 prosent av folketalet. Deretter følger Ulstein og Stordal. Sjølv om rekkefølga ikkje er lik, er dette dei same fem kommunane som i 2015. Alle desse kommunane har ein høgare del innvandrarar og barn av innvandrarar enn gjennomsnittet for landet (16,3 prosent) og fylket (11,9 prosent).

Desidert lågast del innvandrarar i 2016 har Rindal kommune, med 2,4 prosent. Dette er opp 0,7 prosentpoeng frå 2015. Ein låg del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre finn vi også i kommunane Surnadal og Vanylven, som begge har under 7 prosent. Av dei tre byane er det ­Ålesund som har størst del innvandrarbefolkning med 13,6 prosent, medan ­Kristiansund har 12,3 prosent og Molde 11,9 prosent.

Om vi ser på absolutte tal, finn vi den største innvandrarbefolkninga i dei tre bykommunane ­Ålesund, Molde og ­­Kristiansund, med høvesvis 6 362, 3 172 og 3 018 personar. Utanom bykommunane er det flest personar i Haram, Ulstein, Herøy og Sula. Alle har over 1 000 personar i innvandrarbefolkninga, høvesvis 1 468, 1 443, 1 107 og 1 052 personar.

Kjønnsbalansen i innvandrarbefolkninga er også interessant. I innvandrarbefolkninga samla er denne delen 46,6 prosent. Også her er det store forskjellar mellom kommunane i Møre og Romsdal. I Ulstein kommune er det berre 38,0 prosent kvinner, tett følgd av Sande med 38,8 prosent. Den låge delen i Ulstein kommune kan truleg forklarast med arbeids­innvandring til mannsdominerte yrke. Høgast del kvinner finn vi i Vanylven, Norddal og Midsund, med høvesvis 58,9, 54,4 og 52,9 prosent.

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal og landet

Last ned

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal, 2000-2016

Last ned

Landbakgrunn for innvandrarar i Møre og Romsdal, per 1.1.2016

Last ned

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal etter aldersgrupper, per 1. januar 2016

Last ned

Butid i Noreg for innvandrarar i Møre og Romsdal, per 1. januar 2016

Last ned

Innvandringsgrunn til Møre og Romsdal, 2010-2014

Last ned

Innvandrarbefolkninga etter kjønn, 2016

Last ned