Folketalsutvikling

Folketalsutvikling

Lågare vekst i folketalet

Den 1. januar 2016 hadde Møre og Romsdal 265 290 innbyggarar. Folketalet auka med 1 571 personar i 2015, ein vekst på 0,6 prosent. Folketalet i Noreg auka med 0,9 prosent i same periode. Både landet og Møre og Romsdal hadde ein klart lågare befolkningsvekst i 2015 enn i 2014.

Det er grunn til å vente at veksten i 2016 blir enno lågare enn i 2015. Frå nyttår til utgangen av juni hadde Møre og Romsdal ein svak vekst på 0,1 prosent, berre Oppland har lågare vekst av fylka så langt i år.

Oslo og Akershus skil seg ut med ein kraftigare folketalsauke enn dei andre fylka. Til saman fekk desse fylka 20 348 fleire innbyggarar i 2015, noko som utgjorde 42,2 prosent av den samla veksten i landet. Det var ti fylke som hadde større befolkningsvekst enn Møre og Romsdal.

Av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal var det 22 som hadde befolkningsvekst i perioden 1.1.2015 til 1.1.2016. Størst prosentvis auke var det i Skodje kommune med ein auke på heile 3,5 prosent. Det var berre tre kommunar i landet som hadde høgare vekst enn Skodje i 2015. Deretter kjem Hareid med ein vekst på 2,4 prosent. Det plasserer Hareid på ein 19. plass blant kommunane i landet. I tillegg til desse to hadde kommunane Giske, Ulstein, Aukra, Molde, Sula og Midsund også større befolkningsvekst enn landsgjennomsnittet.

Det var ­Ålesund som vaks mest i talet på personar i 2015 med 431 personar. Molde auka med 340 personar, og så følgde Giske med ein auke på 170 innbyggarar. Skodje, Ulstein og Hareid vaks alle med over 100 personar i 2015.

Størst prosentvis nedgang i folketalet det siste året har Sande kommune med ein tilbakegang på 2,9 prosent. I Stordal kommune var nedgangen på 2,2 prosent. Deretter kom Vestnes og Nordal med ein reduksjon i folketalet på 1,4 prosent. Vestnes har med det den største nedgangen i fylket målt i tal personar – der vart det 97 færre i løpet av 2015.

20 000 fleire i Møre og Romsdal sidan 2006

Folketalsutviklinga i den enkelte kommunen kan svinge frå år til år. Skal ein få eit påliteleg bilde av den demografiske utviklinga, må ein sjå dette over eit lengre tidsrom. I dei siste ti åra er det 26 kommunar i Møre og Romsdal som har hatt befolkningsvekst. Seks av desse har hatt ein vekst som er sterkare enn landsgjennomsnittet. Det er kommunane Ulstein, Sula, ­Ålesund, Giske, Skodje og Aukra.

Folketalet i Møre og Romsdal auka med om lag 20 000 innbyggarar det siste tiåret, ein vekst på 8,3 prosent. Folketalet i landet totalt auka i same tidsrom med 12,4 prosent. Møre og Romsdal har dermed fått ein lågare del av befolkninga i landet. Fylket har no 5,1 prosent av innbyggarane i landet.

Det er innvandringa som forklarar størstedelen av befolkningsauken i Møre og Romsdal dei ti siste åra. Nettoinnvandringa (dei som kjem frå utlandet, minus dei som flyttar til utlandet) har likevel gått jamt nedover frå toppåret 2012.

Fødselsoverskotet (fødde minus døde) har lege på rundt 500 personar dei siste ti åra, med ein botn på 377 i 2006 og ein topp i 2009 på 671 personar. Dei tre siste åra har det vore auke i fødselsoverskotet.

I løpet av siste tiårsperiode har fylket tapt 8 541 personar til andre delar av landet. Etter ei positiv utvikling i 2014, har det innanlandske flyttetapet auka igjen i 2015.

Færre i reproduktiv alder

Møre og Romsdal har ein høgare del eldre enn lands­gjennomsnittet. Ved årsskiftet var det 13 445 personar på 80 år og eldre busett i fylket. Dette svarar til 5,1 prosent av innbyggarane i fylket. På landsbasis utgjer denne aldersgruppa 4,2 prosent. Fylket har same del barn og unge som landet totalt. Fylket har færre folk i reproduktiv alder (20-49 år) enn landsgjennomsnittet.

Folketalsutvikling i kommunane, fylket og landet, 1995-2016, per 1. januar

Last ned

Folketalsveksten i Møre og Romsdal siste 10 åra, 2006-2016, per 1. januar

Last ned

Folketal fordelt på aldersgrupper i kommunane, fylket og landet, per 1. januar 2016

Last ned

Fødselsoverskot og nettoflytting, Møre og Romsdal, 1951-2015

Last ned

Folketilvekst, fødselsoverskot, innanlandsk nettoflytting og nettoinnvandring, Møre og Romsdal, 2000-2015

Last ned

Folkmengde 1. januar 2016 og endringar frå året før

Last ned