Folketalsframskriving og eldre

Folketalsframskriving og eldre

25 000 fleire i 2030

Statistisk sentralbyrå (SSB) framskriv folketalet i Noreg kvart andre år. Framskrivingane er tilgjengelege på kommune­nivå, og det blir berekna fleire ulike alternativ med forskjellige føre­setnadar for kvart alternativ. Hovudalternativet blir omtala som MMMM. Dette alternativet bereknar utviklinga når vi legg til grunn middels utvikling i både fruktbarheit, leve­alder, innanlandske flyttingar og innvandring. For landet samla inneber dette at fruktbarheita held fram på dagens nivå med rundt 1,7 barn per kvinne, og at levealderen aukar med rundt sju år for menn og fem år for kvinner fram mot 2060. Det innanlandske flyttemønstret vi har sett dei siste ti åra, held fram og nettoinnvandringa til landet blir på sikt liggande mellom 25 000 og 30 000 personar årleg.

1. januar 2016 var folketalet i Møre og Romsdal 265 290 personar. I MMMM-alternativet er folketalet i 2030 berekna å vere 290 440. Det gir ein vekst på 9,5 prosent i 14-års perioden frå 2016 til 2030. 10 av fylka har ein høgare vekst enn Møre og Romsdal. Dette gjeld dei fylka som har ein stor by eller ligg i nærleiken til ein stor by. I landet er veksten berekna til 13,5 prosent. Til samanlikning var folketalet i 2002 på 243 855 personar, og det gav ein auke i folketalet på 8,8 prosent i 14-års perioden frå 2002 til 2016. I Noreg samla var veksten i denne perioden 15,2 prosent.

Kvinnedelen i Møre og Romsdal var 49,0 prosent 1. januar 2016. Dette er 0,7 prosentpoeng lågare enn i landet samla. Fram til 2030 er delen kvinner i MMMM-alternativet venta å bli 48,8 prosent, altså 0,2 prosentpoeng lågare. Fallet er i samsvar med resten av landet.
Ved inngangen til 2016 var det 28 240 innvandrarar og 3 250 norskfødde med innvandrarforeldre i Møre og Romsdal. Samla er det 31 490 personar i innvandrarbefolkninga. I 14-års ­perioden frå 2002 til 2016 var auken på over 300 prosent. SSB bereknar at auken i innvandrarbefolkninga fram til 2030 vil vere 75,0 prosent, noko som svarer til 23 633 personar. Auken i landet er berekna til å vere 58,3 prosent. Berre fire fylke vil ha høgare auke i innvandrarbefolkninga enn Møre og Romsdal.

Elleve kommunar får redusert folketal

I hovudalternativet til SSB fell folketalet i 11 av kommunane i fylket. Dette er i Vanylven, Norddal, Nesset, Gjemnes, Halsa, Sykkylven, Aure, Sande, Stordal, Sandøy og Smøla. Rangeringa av kommunane etter folketal vil endre seg lite. Dei 10 minste kommunane i dag vil også i 2030 vere på lista over dei 10 minste, sjølv om nokre av plasseringane blir endra.

Eldre utgjer 20 prosent i 2030

15,8 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal var 67 år eller eldre i 2016. Den delen gruppa utgjer, aukar i SSB sitt hovudalternativ til 20,2 prosent i 2030, som er ein høgare veksttakt enn i førre 14-års periode. I 2002 var delen 67 år og eldre 14,7 prosent. Berre seks fylke har høgare del eldre i 2030. Dei absolutte tala for åra 2002, 2016 og 2030 er høvesvis 35 937, 41 917 og 58 547. I landet samla er delen eldre venta å vere 17,7 prosent i 2030.

Eit anna måltal av interesse er talet på personar i arbeidsfør alder for kvar pensjonist. Dette kan også omtalast som eldredel. Arbeidsfør alder er definert som alle personar som er 20 til 66 år, og pensjonistar er definert som alle personar som er 67 år og eldre. I 2002 var det 4,0 personar i arbeidsfør alder for kvar pensjonist. Talet fall til 3,8 i 2016. I hovudalternativet til SSB er talet 2,8 i 2030.

Det er store endringar i eldredelen. I Sula, Giske, Skodje og Ulstein er forholdstalet mellom befolkning i arbeidsfør alder og pensjonistar høgare enn landsgjennomsnittet i 2030, sjølv om det også her er eit fall. Halsa og Vanylven har i MMMM-alternativet til SSB berre 1,6 personar i arbeidsfør alder for kvar pensjonist i 2030.

Venta folketalsvekst mot 2030

Last ned

Relativ del av befolkninga 67 år og eldre, per 1. januar 2030

Last ned

Folketal 2002, 2016 og framskriven for 2030

Last ned

Folketal fylkesvis 2002, 2016 og framskriven* for 2030

Last ned

Innvandrarbefolkninga fylkesvis 2002, 2016 og framskriven* for 2030

Last ned

Venta folketalsvekst per fylke 2016-2030

Last ned