Fødselsoverskot og fertilitet

Fødselsoverskot og fertilitet

Fleire fødslar og lågare fødealder i 2015

Det vart fødd 2 789 barn i Møre og Romsdal i 2015, ein auke på 31 fødslar frå 2014. Trass auken siste året er den lang­siktige trenden at fødselstalet fell. I år 2002 var det færre enn 3 000 fødde for første gong i nyare tid.

Fødselsoverskotet er differansen mellom talet på fødde og døde. Trenden i talet på fødde gir også eit langsiktig fallande fødselsoverskot. Men på kort sikt var det ein auke frå 2014 til 2015 i fødselsoverskotet på 559, noko som er 57 høgare enn i 2014.

19 av kommunane hadde fødselsoverskot i 2015, mens 16 hadde fødselsunderskot. Høgast var det i ­Ålesund (226), mens Norddal hadde det største underskotet (-21). Årsakene til nedgangen i fødselstal er at fruktbarheita går ned, og at fylket har færre kvinner i fertil alder enn tidlegare.

Møre og Romsdal er framleis blant dei fylka i landet med høgast fruktbarheit, trass i at fruktbarheitstala har gått ned. På byrjinga av 1970-talet hadde Møre og Romsdal eit samla fruktbarheitstal for kvinner på 2,9. I 2015 var det tilsvarande talet 1,81, noko som var uendra frå 2014. Med dette er fylket på sjetteplass blant fylka. Rogaland ligg øverst med 1,87. ­Telemark har lågast fruktbarheitstal med 1,59. Talet for landet samla er 1,73, noko som gjer at Møre og Romsdal er litt betre enn landet samla sett.

Gjennomsnittleg fødealder i Møre og Romsdal var 30,0 år for kvinner og 33,2 år for menn. Dette er ein nedgang frå året før på 0,2 år for både kvinner og menn. Gjennomsnittleg fødealder har auka jamt dei seinare åra, både i fylket og i Noreg. Det vil derfor vere interessant å sjå om dette fallet i fylket held fram i 2016. Møre og Romsdal ligg no 0,7 år lågare enn landsgjennomsnittet for fødealderen til mor, og 0,4 år for føde­alderen til far.

Fødde og fødselsoverskot

Last ned

Samla fruktbarheitstal for kvinner etter fylke, 2015

Last ned

Samla fruktbarheitstal for kvinner

Last ned