Flytting

Flytting

Lågare flytteoverskot

Møre og Romsdal hadde i 2015 eit samla flytteoverskot på 997 personar. Innflyttingar frå utlandet gir fylket eit flytteoverskot totalt sett. Innanlands hadde fylket eit flytte­tap på 987 personar i 2015. Flytteoverskotet frå utlandet var dermed på 1 984 personar. Det samla flytteoverskotet i fylket var 681 personar lågare i 2015 enn i 2014, da var det på 1 678 personar. 378 færre innflyttingar frå utlandet er ein del av forklaringa.

Det var berre Finnmark av fylka som hadde eit flytteunderskot i 2015. Flytteunderskotet var her på 16 personar. Av fylka som hadde flytteoverskot, var Nordland, Sogn og Fjordane og Oppland dei med lågast nettotilflytting, med høvesvis 92, 255 og 348 personar. I 2015 var flytteoverskotet til Akershus 7 117 personar. Med dette passerte Akershus Oslo, og vart fylket med størst nettotilflytting.

Høgast flyttetap til Oslo

Utan innvandring ville mange fylke hatt eit samla flyttetap. 12 fylke hadde eit innanlandsk flyttetap i 2015. Som i 2014 hadde Nordland det største innanlandske flyttetapet i absolutte tal, medan Finnmark hadde størst tap i prosent av folkemengda. Akershus hadde størst innanlandsk flyttegevinst både i absolutte og relative tal. Også dette var det same året før.

Møre og Romsdal hadde i 2015 størst flyttetap til Oslo, følgt av Sør-Trøndelag. 1 008 personar flytta frå Møre og Romsdal til Oslo, medan 689 flytta den andre vegen. Dette gav eit flyttetap på 319 personar. Flyttetapet til Sør-Trøndelag var 245 personar. Møre og Romsdal hadde flyttegevinst frå seks fylke. Som året før var det størst gevinst frå Sogn og Fjordane med 61 personar.
Innvandrarane flyttar mest

I åra 2011 til 2015 skuldast over 50 prosent av det innanlandske flyttetapet ei nettoutflytting av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Dette gjer gruppa overrepresentert samanlikna med kor stor del gruppa utgjer av befolkninga.

Høgast nettoinnflytting til Molde

23 kommunar i fylket hadde eit samla flytteoverskot i 2015. Størst overskot hadde Molde med 245 personar, føre ­Ålesund med 200 personar. For Molde var det ein nedgang på 12 personar frå 2014, mens ­Ålesund hadde ein tilbakegang på 183 personar. Ni av kommunane hadde netto flyttetap i 2015. Tapet var størst i Fræna. Her var flyttetapet på 96 personar. Dette står i kontrast til året før, då Fræna hadde ein flyttegevinst på 45 personar.

Når det gjeld den innanlandske flyttinga, hadde 11 kommunar ein flyttegevinst i 2015. Giske vart i år slått av Molde i kampen om størst innanlandsk flyttegevinst. Nettoinnflyttinga frå andre stadar i Noreg til Molde var 109 personar, mens netto 90 personar flytta til Giske. Som i 2014 var det Sunndal og ­Ålesund som hadde det største innanlandske flyttetapet, men plassane var bytta om, med høvesvis 193 og 216 personar.

Flyttetapet av 20-åringar held fram

Som tidlegare har fylket eit stort innanlandsk flyttetap i alders­gruppa 20 til 29 år. I 2015 hadde fylket eit flyttetap i denne aldersgruppa på 772 personar. Dette er ei forverring samanlikna med 2014, men betre enn dei tre åra i perioden 2011 til 2013. Samla for åra 2010 til 2015 hadde fylket eit innanlandsk flyttetap på 4 832 personar i alderen 20 til 29 år. I same periode var det også eit relativt stort innanlandsk flyttetap i aldersgruppa 16 til 19 år. Det var berre i aldersgruppene 0 til 5 år og 30 til 39 år at fylket hadde ein innanlandsk flyttegevinst. Dette kan vere ein indikasjon på at Møre og Romsdal er attraktivt for småbarnsfamiliar.

Om vi ser på samla flytting, finn vi at fylket har flytteoverskot i alle aldersgrupper i 2010 til 2015. Men det er kjønnsforskjellar i aldersgruppene. I alle aldersgrupper mellom 16 og 49 år er det klart mindre flyttegevinst for kvinner enn for menn. Det er to grupper med flyttetap. Dette gjeld kvinner i alderen 16 til 19 år og dei som er 67 år og eldre.

Alle flyttingar, innanlandske og frå og til utlandet, etter fylke, 2015

Last ned

Innanlandsk nettoflytting etter alder for Møre og Romsdal, 2010-2015

Last ned

Innanlandsk nettoflytting til Møre og Romsdal, 2010-2015

Last ned

Innanlandsk nettoflytting, kommunevis, 2015

Last ned

Nettoflytting til og frå Møre og Romsdal, 2015

Last ned

Nettoflytting (all flytting), 2015

Last ned

Nettoflytting til og frå Møre og Romsdal 2010-2015 etter kjønn og alder

Last ned