Igangsette og fullførte bustadar

Igangsette og fullførte bustadar

Stor reduksjon i bustadbygginga i ­Ålesund

I 2015 vart det sett i gang bygging av totalt 1 326 bustadar i Møre og Romsdal. Det er sju færre bustadar enn i 2014. Den kraftige nedgangen vi såg frå 2013 til 2014, har dermed flata ut. På landsbasis auka talet på igangsette bustadar med 14,9 prosent frå 2014 til 2015.

19 av 36 kommunar har auke i bustadbygginga frå 2014 til 2015. Fleire kommunar på indre Nordmøre er blant dei som har størst prosentvis auke dette året, slik som Surnadal, Halsa og Rindal.

I faktiske tal på bustadar er det størst auke i Fræna kommune. Her vart det sett i gang bygging av 54 fleire bustadar i 2015 enn i 2014 (totalt 81 bustadar). Dernest følger Aukra med ein auke på 40 bustadar, frå 20 til 60. I same region auka ­Molde bustadbygginga med 36 einingar (totalt 260 bustadar). Andre kommunar med god vekst i bustadbygginga frå 2014 til 2015 var Sande, Ørsta, Haram og Sula.

Det er ein sterk reduksjon i bustadbygginga i ­Ålesund. Her vart det i 2015 sett i gang bygging av 177 bustadar. Det er 129 færre enn i 2014. Også i ­Kristiansund er det reduksjon, frå 90 til 82. Andre kommunar med nedgang i bustad­bygginga dei siste tre åra er Hareid, Ulstein, Giske, Tingvoll, Sunndal, ­Rauma og Sykkylven.

Av dei bustadane som vart fullførte i Møre og Romsdal i 2011 til 2015, er 35,0 prosent einebustadar, 39,5 prosent rekkehus eller liknande, 15,9 prosent bustadblokker og 9,6 prosent andre bustadar (bu- og servicesenter, bufellesskap, hybelhus og studentbustadar).

I 13 av kommunane utgjer einebustadane meir enn 50 prosent av dei nyleg ferdigstilte bustadane. I Sandøy, Smøla og Sunndal utgjer desse 90 prosent eller meir. Delen einebustadar er særleg høg på Nordmøre – med unntak for Aure kommune. I fem kommunar er delen av einebustadane under landsgjennomsnittet på 30 prosent. Desse er ­Molde, Ulstein, Hareid, Volda og ­Ålesund.

Igangsette bustader og fullførte bustader i kommunane, fylket og landet

Last ned