Bustadsal

Bustadsal

Nedgang i bustadomsetninga

I 2015 vart det omsett 4 366 bustadar i Møre og Romsdal. Det er 175 færre enn i 2014, ein nedgang på 3,9 prosent. For landet totalt var det ein auke i omsetning av bustadar på 0,8 prosent.

Samla var 43 prosent av sala av bustadar i 2015 i ein av dei tre største byane i fylket. I ­Molde vart det omsett 485 bustadar i 2015. Det er ein auke på 76. I ­Kristiansund vart det seld 478 bustadar, også det ein auke frå 2014 med 36. I ­Ålesund derimot, er det ein stor nedgang i omsetning av bustadar i 2015, frå 1 139 i 2014 til 922 i 2015. Dette er det lågaste sidan 2009.

Om lag halvparten av kommunane i Møre og Romsdal hadde auke i bustadomsetninga i 2015. Vi ser til dels store endringar frå år til år i omsetninga, som blant anna kan skuldast enkelte større prosjekt. Blant kommunane med eit stort prosentvis oppsving i 2015 finn vi Stordal, Rindal og Stranda. Her var auken meir enn 50 prosent frå 2014 til 2015.

Størst prosentvis nedgang finn vi i Ørskog kommune, med ei halvering av bustadomsetninga frå 2014 til 2015. Det er  berre to kommunar som har nedgang i omsetninga både i 2014 og 2015. Det er Sande og Sykkylven.

Gjennomsnittleg pris for ein bustad omsett i Møre og ­Romsdal i 2015 var 2 462 493 kroner. Det er 62 761 kroner meir enn i 2014 og inneber ein auke på 2,6 prosent. Landsgjennomsnittet var 3 282 880 kroner, og auken var på 4,5 prosent.

Gjennomsnittsprisen for omsette bustadar er mellom anna påverka av kva type bustadar som er tilgjengeleg og behovet for bustadar. I 2015 var ikkje prisen på bustadar i nokon kommune i Møre og Romsdal over landsgjennomsnittet. Det var ein reduksjon i gjennomsnittspris i 14 av kommunane i fylket dette året, blant desse både ­Molde og ­Kristiansund. Størst prosentvis auke i gjennomsnittleg kjøpesum var det i kommunane Stordal, Rauma og Halsa.

Tal bustadsal, samla kjøpesum og gjennomsnittleg kjøpesum per omsetning, i kommunane, fylket og landet

Last ned