Godkjente kommunale planar

Godkjente kommunale planar

Oppdaterte arealplanar i kommunane

Plan- og bygningslova frå 2008 sett krav om utarbeiding av kommunale planstrategiar i kvar valperiode. Plan­strategien har som mål å gjere kommune­planlegginga meir politisk. To andre viktige mål har vore å prioritere betre kva ein nyttar planleggingsressursar til, og dermed styrke kommuneplan­legginga som verktøy for strategisk samfunnsutvikling. Her ser vi ei positiv utvikling i Møre og Romsdal.

Den første runden med kommunale planstrategiar vart gjennomført i samband med kommunevalet 2011, og i kjølvatnet av dette har svært mange av kommunane funne det tenleg å revidere det overordna planverket – samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen. No ser det ut til at samfunnsdelen har fått eit generelt løft og blir nytta som reelt strategisk verktøy i mange kommunar.

Arealdelar er meir krevjande både prosessuelt og arbeidsmessig. Det er derfor naturleg at samfunns­delane i større grad er ferdigstilte. Av dei kommunane som ikkje har revidert samfunns­delen, er det nokre som har vurdert den eksisterande planen som tilfredsstillande som styringsverktøy også inn i ein ny valperiode, og det er berre Stranda kommune som ikkje har samfunns­del.

Eit lite tal kommunar har arealdelar som ikkje lenger kan vurderast som relevante. Av desse er det i realiteten også her berre Stranda som ikkje er inne i prosessar med revisjon av heile eller delar av arealdelen. I Volda og Ørskog er det sett i gang prosessar, men førebels ikkje formelt varsla oppstart.

Netto driftsutgifter til fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø i kommunane i Møre og Romsdal utgjer mellom 0,3 prosent (Haram) og 2,0 prosent (Aukra) av totale netto driftsutgifter i kommunen. Tala viser at desse formåla har fått ein mindre del av kommunens netto driftsutgifter i 22 av 36 kommunar frå 2010 til 2015.

Kommuneplanoversikt, per juni 2016

Last ned

Netto driftsutgifter til fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø i prosent av kommunens samla netto driftsutgifter, 2015

Last ned