Uføre/sjukefråvær

Uføre/sjukefråvær

Sjukefråværet aukar – har passert landsgjennomsnittet

Det legemelde sjukefråværet (i prosent av arbeidstakarar) i Møre og Romsdal var ved utgangen av 1. kvartal 2016 på 6,6 prosent. Det er ein auke på 0,8 prosent frå same tidspunkt i 2015. For landet totalt var utviklinga motsett. Her var det ein reduksjon i det lege­melde fråværet på 2,3 prosent. Samla var det legemelde sjuke­fråværet i Noreg 6,2 prosent ved utgangen av mars i år.

Det er mennene i Møre og Romsdal som står for auken i sjuke­fråvær. Auken var på 1,7 prosent. For kvinnene var det ein reduksjon i sjukefråvær frå 2015 (1. kvartal) til 2016 (1. kvartal) på 2,3 prosent. Men framleis er det kvinnene som har høgast sjukefråvær, med eit fråvær på 8,7 prosent mot 4,7 prosent for menn. Tilsvarande tal for landet totalt var 8,1 prosent for kvinner og 4,4 prosent for menn.

Legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal varierer frå 4,9 prosent i Sunndal til 8,6 prosent i Nesset. Ni kommunar har lågare fråvær enn landsgjennomsnittet, mens fem kommunar har over åtte prosent. 21 av kommunane i fylket hadde auke i det legemelde sjukefråværet frå 2015 (1. kvartal) til 2016 (1. kvartal).

Rekordhøgt tal uføre

I juli 2016 hadde 14 869 personar uføretrygd i Møre og Romsdal. Det er 402 fleire enn i juli 2015 og utgjer ein auke på 2,8 prosent. Auken for landet totalt var dette tidsrommet 1,7 prosent.

Utviklinga i tal uføre i Møre og Romsdal har gått litt opp og ned dei siste åra. Samanliknar vi talet i 2009 med talet i 2016, ser vi at auken er på 8,5 prosent. For landet totalt er auken på same tid 7,7 prosent.

Når det gjeld nedsett arbeidsevne, er det no eit brot i den nedgåande tendensen vi har hatt dei siste åra. I juli 2016 var det 9 962 personar med nedsett arbeidsevne i Møre og Romsdal, ein auke på 108 personar frå same tid i fjor.

Arbeidstakarar med legemelde sjukefråvær i prosent av alle arbeidstakarar per 1. kvartal 2016

Last ned

Prosentvis endring i sjukefråværet, 1.kvartal 2015 - 1. kvartal 2016

Last ned

Tal uføre i Møre og Romsdal

Last ned

Tal personar med nedsett arbeidsevne i Møre og Romsdal

Last ned