Arbeidsplassdekning

Arbeidsplassdekning

Stabil arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette ­etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel i ein kommune. Arbeidsplassdekning på meir enn 100 prosent i ein kommune betyr at talet på arbeidstakarar som arbeider i kommunen, er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.

Det er sju kommunar i Møre og Romsdal som har 100 prosent dekning eller meir: Ulstein, Molde, ­Ålesund, Sunndal, Volda, ­Kristiansund og Sandøy. Ulstein gikk i 2015 forbi Molde, mens dei tre sistnemnde kommunane var under 100 prosent året før. Dei fem kommunane med lågast arbeidsplass­dekning i Møre og Romsdal er, som i 2014, Nesset, Giske, Sula, ­Gjemnes og Skodje. Dette er kommunar som kan seiast å vere ­typiske bustadkommunar eller utpendlarkommunar.

Koplar vi arbeidsplassdekning saman med pendlings­straumar, får vi eit bilde av kor integrert dei ulike bu- og arbeids­marknadsregionane i fylket er. Til dømes har Giske, Sula og Skodje låg arbeidsplassdekning. Desse kommunane ligg nær ­Ålesund som har høg arbeidsplassdekning. Koplar vi denne kunnskapen saman med kommunane sine pendlarstraumar, som finst i eit eige delkapittel, er det sterke teikn på at ­Ålesund, Giske, Sula og Skodje er ein integrert bu- og arbeids­marknads­region.

Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal i 2015 var i overkant av 96 prosent. Dette er uendra frå 2014 til 2015. I absolutte tal var det 4 743 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar i fylket i 2015, mot 4 945 i 2014. Blant fylka elles er det Oslo og Sør-Trøndelag som har fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar. I botn ligg Aust-Agder, Akershus og Østfold, alle med under 90 prosent arbeidsplassdekning.

Arbeidsplassdekning per 4. kvartal 2015

Last ned

Arbeidsplassdekning per 4. kvartal 2015

Last ned