Arbeidsløyse

Arbeidsløyse

Stor auke i arbeidsløysa siste året

Møre og Romsdal har i lang tid vore blant fylka med lågast arbeidsløyse. Slik er det ikkje lenger. No er arbeidsløysa i fylket 3,2 prosent mot 3,1 prosent på landsbasis. Auken i Møre og Romsdal frå august i fjor til august i år er på 14,3 prosent – medan det for landet er uendra. Ved utgangen av august 2016 var 4 571 personar registret som heilt ledige i Møre og Romsdal. Det er 572 fleire enn på same tidspunkt i fjor.

Det er klart flest menn blant dei arbeidsledige. Mennene står for 63 prosent av arbeidsløysa i fylket. I Vanylven, ­Surnadal og Rindal kommunar utgjer menn over 79 prosent av dei arbeids­ledige. Medan det i Halsa kommune er fleire arbeids­ledige kvinner enn menn.

Det er svært stor variasjon mellom kommunane i arbeidsløyse. Høgast er delen arbeidsledige i ­Kristiansund og ­Hareid med 5,4 prosent, følgt av Ulstein med 4,6 prosent og ­Haram med 4,4 prosent. I Rindal er situasjonen ein heilt annan. Der var under 1,4 prosent arbeidsledige ved utgangen av ­august. 14 kommunar har lik eller høgare del arbeidsløyse enn landet.

Ser vi på endringa frå august 2015, finn vi at 22 av kommunane har auke i arbeidsløysa. I prosentvis endring er auken størst i Aukra og Haram. I tal personar er auken størst i ­Kristiansund, der 174 fleire har vorte arbeidsledige det siste året. Dernest kjem Haram med 90 fleire ledige og Molde med ein auke på 89 arbeidsledige.

Relativt sett er auken i arbeidsløyse størst i gruppene 50 til 59 år og 60 år og eldre. Auken blant dei unge er lågare enn for aldersgruppene over 30 år.

Det er blant industriarbeidarane at auken i tal ledige er størst. Det er no 899 personar med denne yrkesbakgrunnen som er ledige i Møre og Romsdal, ein auke på 152 frå august i fjor. Dernest finn vi flest arbeidsledige blant dei med bakgrunn frå bygg og anlegg (654) og butikk- og salsarbeid (438).

Heilt ledige ved utgangen av august 2016, kommunane, fylket og landet

Last ned

Heilt ledige etter yrkesbakgrunn august 2016 med endring frå august 2015, Møre og Romsdal

Last ned

Heilt ledige fordelt på alder august 2016 med endringar frå august 2015, Møre og Romsdal

Last ned

Varigheit som heilt ledig august 2016 og august 2015, Møre og Romsdal

Last ned